Work

Mot til å møte pasienten sine åndelege tankar og kjensler – ein kvalitativ studie

Year: 2023
Type: article
Abstract: Bakgrunn: Sjukepleiarar gjev uttrykk for manglande kompetanse innan åndeleg omsorg.Føremål: Føremålet med studien er å undersøkje korleis sjukepleiarstudentar uttrykkjer sine eigne styrkar så vel som område dei ønskjer å utvikle kring fire kompetansar innan åndeleg omsorg.Metode: Studien nyttar kvalitativ metode og baserer seg på skriftlege svar på opne spørsmål som vart utvikla som ein del av sjølvevalueringsverktøyet EPICC Tool.Svar frå 65 sjukepleiarstudentar ved tre bachelorutdanningar i sjukepleie i Noreg vart innhenta frå august til oktober 2020.Me følgde Braun og Clarke sin tematiske analyse av kvalitative data.Resultat: Studentane utrykkjer både styrkar og svakheiter i tillegg til manglande merksemd på åndeleg omsorg i praksiskvardagen.Analysen gav tre tema: 1 «Open og respektfull haldning», 2 «Behov for kunnskap og erfaring» og 3 «Å opne opp for åndeleg omsorg i praksis».Diskusjonen ser på forholdet mellom auka kunnskap om åndeleg omsorg og kompetansen til sjukepleiarstudentar i møte med pasientar sine behov for åndeleg omsorg.Det vert diskutert om auka kompetanse og søkjelys på åndelege forhold kan påverke studentar sitt mot til eit aktivt fokus på åndeleg omsorg i praksiskvardagen.Konklusjon: Funna viser at mange sjukepleiarstudentar har ei open og empatisk haldning og er motiverte til å utøve åndeleg omsorg.Dei rapporterer vidare at dei treng meir kunnskap for å bli trygge på å møte pasienten sine behov for åndeleg omsorg.Merksemd på åndeleg omsorg i praksis både retta mot pasientar, men òg i open dialog med kollegaer, er viktig. IntroduksjonArtikkelen set søkjelyset på sjukepleiarstudentar sin eigen opplevde kompetanse knytt til åndeleg omsorg.Studien presenterer korleis norske sjukepleiarstudentar uttrykkjer styrkane sine så vel som område dei ønskjer å utvikle kring fire kompetansar innan åndeleg omsorg.Studien er ein del av ein større studie der eit sjølvevalueringsverktøy innan åndeleg omsorg EPICC Tool) vart testa i fem land 1 .I tidsrommet 2016 2019 utvikla ei gruppe europeiske forskarar ein felles europeisk standard for utdanning i åndeleg omsorg for alle sjukepleiarutdanningar i Europa -EPICC Spiritual Care Education Standard -heretter omtala som EPICC-standarden 2 4 .EPICC-standarden er omsett til norsk etter fastsett prosedyre 5 .Standarden beskriv fire kjernekompetansar innan åndeleg omsorg for sjukepleiarstudentar etter fullført bachelorutdanning 4, 1 .Med bakgrunn i EPICC-standarden vart det utvikla eit sjølvevalueringsverktøy innan åndeleg omsorg, kalla EPICC Tool 1 .Gjennom dette evalueringsverktøyet kan sjukepleiarstudentar evaluere eigne kunnskapar, ferdigheiter og haldningar relatert til åndeleg omsorg.Formålet med verktøyet er å auke bevisstheita kring åndeleg omsorg både knytt til studenten sine styrkar så vel som område ein ønskjer å utvikle. Åndeleg omsorgAnsvaret for å utøve fagleg forsvarleg, heilskapleg og omsorgsfull sjukepleie er forankra gjennom nasjonal forskrift 6 , internasjonal etisk kodeks 7 så vel som i tiltak presentert i nasjonale handlingsplanar og dokument 8 10 .At åndeleg omsorg er ein del av heilskapleg og omsorgsfull sjukepleie, er anerkjent og vist til i fleire studiar 3, 11, 12 .I studien som denne artikkelen bygger på 2 , er åndeleg omsorg definert slik den er presentert i EPPIC Spiritual Care Education Standard 13 .Denne definisjonen seier at åndeleg omsorg er omsorg som kjenner igjen og responderer på mennesket si åndelegheit i møte med livsendrande hendingar.Åndeleg omsorg kan inkludere eksempelvis behovet for å uttrykkje seg eller behovet for bønn, og startar med menneskeleg kontakt i ein ivaretakande relasjon 13 .Åndeleg omsorg handlar om å bry seg om heile personen gjennom medfølande omsorg -«å kunne vere til stades for den andre gjennom å lytte etter det som har betydning i pasienten sitt liv, og ofte ved å legge praktiske forhold til rette» 14, s. 15 .
Language: Norwegian
Subfield: Health
Open Access status: diamond
OpenAlex ID: W4387464462
FWCI:
Cites: 28
Cited by:
Related to: 10