Språkkulturar i endring: oppmoding om ein norsk skriftsosiolingvistikk
Year: 2023
Type: book-chapter
Abstract: Skriftkulturar er dynamiske, sosiohistoriske fenomen som står under påverknad frå ei mengd samfunnsmessige tilhøve, og som dessutan inngår som del av meir vidfemnande kompleks, nemleg språkkulturar. Skildringar av vår tids språkkultur legg gjerne vekt på auka pluralisering og folkeleggjering, og samstundes blir det sagt at skriftlegheita har fått stadig større plass i livet til folk flest, ein tilstand som blir omtalt som masseliterasitet (eng. mass literacy). Ikkje minst er framveksten av digital teknologi som legg til rette for nye former for skriftbasert samhandling, rekna som ein påskundar for endringar i skriftkulturen – og dermed i språkkulturen. Denne artikkelen drøftar korleis ei slik utvikling eventuelt kan ha verka inn på skriftlegheita, og vidare korleis relasjonen mellom tale og skrift – og oppfatningane våre om denne kanoniske binariteten – kan ha endra seg. Eit hovudføremål er å peike på potensialet for sosiolingvistisk utforsking av den skriftlege dimensjonen – både i samtid og historisk – og å vise at dette krev ei nyorientering i retning av ein skriftsosiolingvistikk.
Author: Stian Hårstad
Institution: Volda University College
Language: Norwegian Nynorsk
Subfield: Language and Linguistics
Field: Arts and Humanities
Domain: Social Sciences
Open Access status: gold
OpenAlex ID: W4389997147
